Radio PR har heilt sidan starten i 1984, spreidd evangeliet til radiolyttarar i Nordhordland og på Osterøy. Fram til sommaren 2017 har ein kunna lytta til sendingane på det lokale FM nettet, men no er dette erstatta med DAB og WEB radio.
Det er seks kristne radioar som samarbeider om DAB kanalen Kristenradio Vest.
Disse er: Radio Fana, Radio Bølgen, City Radio, Kanal 7, Godt Nytt Radio og Radio PR.
​
Radio PR sender frå Betania i Knarvik
Slik finn du oss på DAB-radioen:
-
Sett radioen på DAB og søk (search).
-
Når søket er ferdig, bla til det viser KRISTENR. Velg denne (trykk OK).
-
Du får opp Kristenradio Vest i displayet, og no kan du høyre på sendingane våre.
For WEB radio:
-
Klikk på radio spelaren øverst på sida.
Kvar fredag kveld frå kl. 20:30 er det direkte sending frå studio i Knarvik. Her kan du ringja inn bønneemne (56 35 10 80), og det vil bli bedt for desse på lufta. Du kan også skriva inn bønneemne på RadioPR si bønnetavle her.
Det er forskjellig for hver radiotype hvordan du søker. Har du en knapp for Meny, trykker du på denne, og så velger du søk, skan eller scan. Søket tar ca 1 minutt. Når søket er ferdig, må du bla til du finner KRISTEN RV eller KRISTEN og så velge denne ved å trykke Enter eller OK.